SISTE:

Har NR og DNT gløymt formålet?

NR omsette i 2010 spil for 3,66 milliard. Det vart delt ut 255 millionar til premiar/formålet. Det vert 6,9% av omsetninga til formålet. Målsettinga frå travet er 10% til formålet. Det vil sei at det skulle vore delt ut 111mill meir til

premiar. NR har dei siste åra hatt omsetningsauke på ein milliard utan at dette i særleg grad har kome formålet tigode.

Premiane, særleg til kvardagstravet, har ikkje halde tritt med kostnadsutvikinga og denne uviklinga kan ikkje halde fram dersom ein skal oppretthalde og utvikle sporten vidare.

Dersom me kunne koma dit at premiane til hesteeigaren og dei aktive vart prioritert, og ikkje som no, salderingsposten i ein kvar budsjettprosess, så hadde også trua på framtida, og viljen til å satse og utvikle næringa vidare vore betydeleg større en i dag.
Men det krev sjølvsagt at ein vel inn folk i styreroma som ikkje bare nemner formålet i festtaler.

Med ei rasjonell og målretta organisering og drift så er det mogleg å betre økonomien betrakteleg for travsporten.

Sett frå min ståstad så gjer NR ein god jobb når det gjeld utvikling og marknadsføring av spilleproduktet.
Men den nye økonomimodellen bør justerast eller endras slik at den stimulerar DSa til god og rasjonell drift og som kjem premiering i kvardagstravet tilgode.

Basisen, dersom travsporten skal utvikle seg vidare er at det må satsast meir på premiering og breidda i kvardagstråvet. Dette er grunnlaget for spill, rekruttering og hestemiljø rundt i distrikta.
Det er ein pott som skal fordelas til premiar. Brukar ein til dømes for mykji på storløp og festdagar, går også ein uforholdsmessig stor del ut av landet. Det mest uheldige døme på dette er Forus Open. Det er ei flau forstilling som mergstel utviklinga for ein heil landsdel.
Det går godt an å laga til fine og minnerike festdagar der også Norske hestar kan hevde seg, utan at det i så stor grad rammar kvardagstravet.

Det har i det siste vore fokusert på at det vert meldt for lite hest vinterstid.
På den kalde årstida så er det ikkje så trivleg å køyre 30 – 40 mil med hesten på ein kald hengar, for så kanskje å stå på ein uteboks i mange kuldegrader, før ein kjører heimat med ein våt hest.
Då bør ein ha utsikt til ein bra premie. Det bør i tillegg vera breddepremiering i løpa slik at fleire en halvparten får dekt kostnaden ved å starte. Trur dette er heilt nødvendig dersom mange av oss som driv med hest i dag skal fortseta.

NR og DS har no bruka mykji pengar på å ruste opp publikumsfasiltetene rundt på travbanane. Kva med å sjå litt på fasilitetane for hesten og dei aktive?

Med fasit i hand så bør vel alle som prøvar å analysere utviklinga av Norsk travsport forstå at avviklinga av et forutsigbart og stabilt divisjonsystemet i V75 var ei tabbe som har ført til sportsleg stagnasjon, og som har kosta oss dyrt. Det er gledeleg å sjå at vi no omsider får divisjonssystemet tilbake.

Det er grunn til bekymring for framtida til travsporten når ein ser på dei feilprioriteringar, manglande innsikt og dårleg økonomisk styring som DNT styret gjer seg skuld i.

Etter det eg forstår så har DNT styret avslutta A fondet som Alnes i si tid fekk oppretta, og som har vore et svært nyttig reiskap for utviklinga av travsporten. Er det slik at styret reknar med at det aldrig meir blir overskot i DNT?
Bodøprosjektet har vel allereie blive ei økonomisk hengemyr. Og etter det eg forstår så står Nanestadprosjektet for døra dersom dette styret får det som dei vill, det vert i så fall ei økonomisk ulykke som kan øydelegge travsporten.
Etter det eg forstår så ønskjer DNT og NR å bruke sportens midlar for å bygge kjøpesenter/restaurant på Jarlsberg, på et område ikkje sporten eig.

Det er også diskutert å legge ned Klosterskogen og Drammen, som er basis i dei områda som repeterar med mest spill og størst hestetetthet i heile landet. Dei genererar dermed store inntekter til sporten.
Det geniale vert å legge ned i desse områda for så å bygge opp og drifte treningsgetto på Nannestad, ein har vel sett kor store inntekter trenarstallan ved travbanane gjev.

Forstår at DNT styret kom opp i ein vanskeleg situasjon då generalsekretæren slutta. Dei er styre i ein stor økonomisk medlemsorganisasjon og må fylje DNT sine egne lovar og reglar.
Styret treng ei lovendring godkjent av generalforsamlinga i DNT før dei eventuelt kan tilsetja dagleg leiar i staden for generalsekretær.
Det er vel ikkje særleg klokt å tilsetja ein dagleg leiar, som ikkje har tillit frå dei ansatte han skal lede.
Personalbehandlinga av ansatte som har tent DNT og travsporten trufast og godt gjennom mange år er kritikkverdig.

Også NR har esa ut og forbrukar stadig meir av dei midlane som skulle koma sporten tilgode. Det bør vera grunnlag for å sjå på resursbruken i hestesportens hus, då dei tek stadig større del av kaka.
Kva gjer styra i NR og DNT med dette. Er det i det heile nokon i desse styra som er oppteken av at midlane skal koma formålet til gode?

Kva har dei i så fall gjort, eller vil dei gjera noko med dette?
Det er no ved val ein bør vera bevist for kva utvikling ein ønskjer. Det bør vera avgjerande å vita kva desse personane me skal velje inn står for.

Flatdal 18/1 2011.

Asbjørn Lognvik

Tips en venn


Kommentarer (0)

Trav24 forbeholder seg retten til å ikke publisere useriøse kommentarer.
Kommentarene publiseres ikke før de er godkjent av Trav24.


Logg inn eller opprett en brukerkonto for å skrive kommentarer.
NB: Det er gratis å registrere seg!