Trav24 login

Glemt passord?

 

Meny

 

No er det i grunn nok Malin!

Del:  

Etter ei rekkje tidlegare situasjonar som du burde ha teke lærdom av, vart det i monteløpet på Bergen Travpark torsdag 16.februar bevist ei gong for alle at du tydelegvis fullstendig manglar respekt for både reglement, konkurrentar, heste-eigarar og spelarar.

Å diskutera korvidt dommarane tok ei rett avgjerd eller ikkje i dette løpet, ja det vert å diskutera snøen som fall i fjor, men løpet denne torsdagen fekk det i hvert fall til å koka over for mange av oss som er glade i montesporten. Lat det vera heva over ein kvar tvil at du er ein framifrå ryttar som fortjener alle dei framgangar og resultat du har oppnådd på ærleg vis, men etterkvart så er det nesten vorte meir regelen enn unntaket at du skapar farlege situasjonar undervegs i løpa. Med di erfaring så er det lite truleg at dette handlar om uhell eller dårlege vurderingar, men meir det at du både verbalt og på utspekulerte måtar øydelegg løp både for hestar med tilhøyrande eigarar, ryttarar som du skremmer livet av og ikkje minst er med og stemplar monteløpa som lovlause sett frå spelarane si side.

I fare for at det skal utvikla seg ein mentalitet der forulempa ryttarar legg opp til å ta hevn ved neste korsveg, synest me det er betre å konfrontera deg på denne måten med at me synest at oppførselen din både under løpa og gjerne verbalt i etterkant av løpa, er fullstendig uakseptabel. På denne måten øydelegg du på lang sikt for deg sjølv og ikkje minst for heile montesporten. Det å vinna løp kan aldri forsvarast å skulle gå framfor det å skapa farlege situasjonar eller på annan måte juksa.

Alle kan vera uheldige og det finst andre ryttarar som også får bøter for sjenering og trang ridning – men statistikk lyg ikkje Malin. Du var fjoråret den ”verste” ryttaren på dette området og du har begynt på same måte også i år. 3 utelukkingar på dei siste 6 månadane med så få startar som du har bak deg i den perioden, ja det er ikkje uflaks. Me oppfordrar deg difor til å ta desse orda innover deg og visa at også du kan etterfylgja lover og reglar og igjen byrja å bidra til montesporten på ein god måte. Etter løpet i Bergen har du så langt i år bidrege til at fleire ryttarar er i tvil om dei torer å ri igjen i løp der du med. Dette er ganske alvorleg og noko du bør ta innover deg.

Me synest også at DNT bør koma sterkare på bana, både i forhold til å få banedommarane til om mogeleg dømma meir likt i monteløpa. Slik det er i dag opplever me det som det er veldig ulik dømming og på enkelte banar så kan det virka som det er fritt fram for det meste. I staden for å bøteleggja, bøtene vert betalt av eigarane uansett, så bør i det minste bøter for farleg ridning automatisk medføra utelukking. Fleire sjeneringsbøter over ein kort periode bør også medføra utelukking.

Lat oss alle framover bidra slik at me i monteløpa slepp å vera redde for både hestane, ryttarane si helse og tapte pengar for forulempa heste-eigarar og spelarar.

Oddvin Teigen(heste-eigar, far til 3 monteryttarar og er fortsatt monte-eldsjel)

Evy Katrin Teigen

Malin Berås ønsket ikke å svare på leserbrevet.

Tips en venn


Kommentarer (0)

Trav24 forbeholder seg retten til å ikke publisere useriøse kommentarer.
Kommentarene publiseres ikke før de er godkjent av Trav24.


Logg inn eller opprett en brukerkonto for å skrive kommentarer.
NB: Det er gratis å registrere seg!